7. mai 2009

Time to go back?

Det er alt for lenge sia, og no må det bere ut.
I går var eg på spinning og det resulterte i 1.stk ødelagt Malin i dag. Spinning var kjekt då. "Jobba på jobba på jobba på.. 1,2,3 - OPP, 1 minutt folkens, kom an!".
Etter 45 minutt med hardcore sykling bar turen vidare til 15 deilige minutta i Luxuria. Eg held nesten alltid på å flippe i solarium etter trening. Klare ikkje å slappe av, dessuten pulsera heile kroppen min til de grader.
Når eg var blitt brun, og blid, reiste eg heim - vaska kle, hengte opp kle, prøvde å pakke/sminke meg og spise mens eg såg Paradise Hotel.
Go on, go on, come on leave me breathles.
4 deilige knekkebrød med 4 deilige brune osta på. Årets måltid, eg lova deg.
Det var yummy. Eg lika den nye livsstilen min. Ingen snop i vekedagane (vannbakkels er snop. Nistad), og heller eit begrensa forbruk i helgene.
Skal eg vere ærlig er det faktisk ikkje vanskeleg at all.
Sett vekk i frå dei gangane Kine spiser "oboy", og Mowatt snuska med smågodtet til Marcus.


I dag skal eg på reisefot. Tipp kor eg skal?
Flyet mitt går 19.30 frå Flesland.
Horoskopet mitt rår meg til å ta litt tid for meg sjølv, klårne gjennom tankane mine, og at ei reise kan bli aktuell. Tenk at et horoskop kan ha så rett?

12. mars 2009

Surferosa dama og sauelugg.

Eg hatar eigentleg å byrje bloggen med "i dag". Derfor begynner eg med i går. I går fekk eg ein ny ven. Han/ho(endå usikkert muligens inkjekjønn") er kul. Nei, no tulla eg godt. Den nye venen min er gammal. Nei, altså, eg har hatt den nye venen min lenge. Nei, då er jo han/ho ikkje ny. Never mind. Han/ho er faktisk fantastisk.
I allefall, tilbake til i går, i går når eg ikkje blogga. Då var eg på arbeid og jobba hardt. Eg sprang utav Bkk's dører 16.00 og reiste rett på butikken. Der kjøpte eg meg Start kjeks. Dei er gode. Tørre og gode. Dei minner meg om "kjeksa" vi fekk i kirka då vi var på nattverd som konfirmanta, eller, vi var vell aldri på nattverd. Det var vell heller bere ei liksom nattverd med kjeks og vin. Kos. Etter at kassadama bestemte seg for å bruke evig lang tid på å slå inn start kjeksa mine, blei eg sjølvsagt forsein til bussen. 20 kalde minuttar seinare kom den andre bussen. Eg hoppa innpå, ante fred og ingen fare. Optimisten Malin. Ha. Der kom nemmelig to svære bergenser manna med dei sjukaste R'ane, eg kjende faktisk spytt i nakken. Dei måtte snakke om "war...spel....war....buffa...war...buggs...." nanna, heile turen ut til sandviken. Tragedie. Einaste positive med heile bussturen var vell at eg oppdaga at ja, EG har faktisk eit liv.

I dag (der kom det) har eg gjort masse kjekt. Etter jobb reiste eg heim og lagde Nilen på badegulvet. Det er vell noko eg stort sett gjer kver dag. Det er forresten Nilen i Bergen og. Etter eg tørka opp Nilen, måtte eg tørke meg sjølv og håret mitt. Vi tørka oss med hårfønar, før vi sminka oss litt og kledde på oss.
Deretter gjekk turen til sentrum, uhu, store Bergen sentrum. Her vasa eg rundt i butikkar og leikte julenissen.
Kine lagde milkshake til meg og Marion, så det var kanon godt.
I kveld har eg sett Paradise Hotel og leika Lady og landstrykeren? langstrykaren? Never mind. Eg kjøpte meg forresten to neglelakkar i dag. Ein svart, og ein rosa. Nei, ein superekstremtrosa faktisk. Og den er på negla mine no. Etter eg tok ut fletta eg har hatt i panna i nokon timar ser eg ut som ein sau i luggen. Med rosa neglelakk og sauelugg føler eg meg nesten like kul som Surferosa dama.

Nei, no må eg gå å leike julenissen/surferosa dama.
God natt mine skattar. Sov godt og trygt.
xoxo (ikkje lenge igjen no)

10. mars 2009

På reisefot

I dag har eg bestillt sydentur til Tyrkia. Avreise 31.mai, og eg gler meg som ein unge.
Tipp kem eg skal reise med. Håper forresten at betakarotenen kjem i posten asap sånn at eg kan bli brun. Yoho.
Dagen i dag har vert utruleg kjekk i grunn. Med åtte timar arbeid, og ein sydentur i vente kan vell dagen neppe bli beire. Eller jo. Eg er jo her. Knis.
Har dessuten sett fotballkamp i dag, Liverpool vant overleget 4-0 mot Real Madrit. Det var vel fortjent.
Kva skal eg gjere i Påska?
Nokon vil eg skal vere med til London, andre vil eg skal heim til Svelgen og familien vil ha med meg til Stavanger. Eg derimot er eigentleg med på alt, litt som Svein i hotel cæsar :" Med på alt".
No skal du bestemme. Legger inn ei meiningsmåling på det her.

I morra må eg finne passet mitt og pakke baggen, 31.mai er jo ikkje lenge til.

Håret blei forresten flott. Blond og deilig, som vanleg. Haha.
No bleika eg snart augene mine for mørket. Dyna next. Nighty night.


9. mars 2009

Laser og frisør.

Memira tilbyr laseropperasjon av augene til den nette sum av 30 000 kroner.
Er det verdt det?
Vanligvis handlar eg linser 2-3 gonger i året, månadslinser. Då får eg 6 par linser om gangen. Ca pris ligger på 500 - 600 kr.
Lat oss ta utgangspunkt i at eg kjøper linser to gonger i året, og betaler tilsaman 1200 kr årleg for linser. Gonger du dette med 25 år er du oppi den nette summen av 30 000. Med andre ord burde eg bruke linser i 25 år for å tjene på opperasjonen. Der igjen kan det hende at eg er storfornøgd med trill runde briller når eg er 45. Eventuellt kan det hende at synet mitt plutseleg blir heilt normalt.
Eg trur eg konkulderar med å fortsette å bruke linser.

Flinke Malin har bestilt seg vitamina på nettet, betakaroten. No skjer det, ho skal bli brun. Håper det ikkje resulterer i ein gusjen oransje farge.
Nagla på peikefingeren på høgre hånd er forresten heilt idiotisk.
10% av nagla bestemte seg for å brekke av i går, ikkje sidelengs men rett ned ved naglerota. Det blødde og svidde. No svir det bere. Pingle Malin. Tåle ikkje store sår, då blir eg såra og lei meg.
Eg overlevde, og det hjalp at Kine sa :" Au, stakkars.."
Frisørtime står på timeplanen i dag. Den har vert planlagt i mange måndar, utan å ha blirr gjennomført, så eg ser i grunn for meg at eg får ein del kjæft av frisøren min. But but. Tenkte eg skulle farge håret i dag, mest truleg svart. Eller rosa. Usikker. Nokon idear?
Eventuelt går eg bere for lilla.

Eg fekk sms av Lars i sta :” ….”, ok, det blir for grovt å skrive her. I Love you to, Lars.
Og eg skal svare deg, snarast. Du kjenner meg så altfor godt.
Smask

8. mars 2009

Choice.

Fredag var eg som kjent på ein liten snurr nedom byn, før eg reiste grytidleg heim å la meg. Unødvendig. Hadde eg brukt litt sunn fornuft ville eg heller gått på byn, kosa meg i mange timar, før eg så reiste heim. Unødvendig å reise heim full, for å så å gå rett å legge seg. Sjekk alle å'ane. Eg angra ikkje. Det var jo snydens å komme heim. Men likevell.
Det mest plagsomme eg veit er når folk sender overhygglege sms'ar som t.d. :" Skal du ut i kveld?:D Eg skal:D, bli med:D". Ala. Missforstå meg rett, eg har såklart lov å sende den type sms, men når eg sete klinkandes edru ein laurdag i ein svart skinnsofa, utan pledd og med det store korsslaget på tv'et, så er det den siste meldinga eg har lyst å få. Eg får ein følelse på at eg går glipp av noko.
Ikkje bruk opp tida mi, viss du veit at det er forgjeves.
Laurdag var i grunn kjempe kosleg. Ica har stort 10-kroners marked, og dit måtte eg sjølvsagt reise å ta av. Eg handla tomatsupper, blomkål og brokkoli supper, sjokolademelk og sauser på sauser. Det var grise billig. Tippa eg hadde årets glis når eg gjekk frå den butikken. Taco stod på menyen, og det var faktisk utruleg godt. Etter tacoen var det tv'ing og slapping. As usual. No er klokka halv tolv, eg stod opp for i allefall 1,5 time sidan. Booring. Eg har tatt meg til rette og laga meg frukost. Skiver med ost på. Nammenamm. I dag er det kvinnedagen. Dull med meg!
Mulig eg skal hive meg i dysjen, stelle meg og ....?
Your choice baby, your choice.

Jâg och du joppe, jâg och du.

7. mars 2009

PlageMalin.

Det er med stor skamm at eg må innrømme at eg ikkje gjorde som de stemte på bloggen min. Eg reiste ikkje til Haakon, eg var ikkje edru og Fulen hadde ikkje fest. Det blei vors hos Nistad. Det var koslig. Ein god liten gjeng som kosa oss.
Bere for å henge ut Oddleif:" Jeg er ikke sint... jeg er bare veldig veldig skuffa" - Malin.
Sånn. Etter vorset hos Nistad var det duka for byn. Her begynte folk å traske over alt, eg blei forvirra og tok like godt taxi "heim". Her sovna eg, med linsene på, klea på, snorka høglydt og sov godt. Vokna for ein del timar siden, og har sia då vert plageMalin. Du lika det.
No skal eg blogge ferdig, finne meg nokke mat i det huset her, hente dyna inni sofaen også trippe ein tur på Brun og Blid. Der skal eg bli brun, og blid.
Love Malin.

5. mars 2009

...du er så fin...

Kine redda dagen min i dag, etter at alle dokke andre skuffa den. "HEI, eg er sjuk" Meg:" JAAA, eg kjem!". Stakkars Kine. Her blir eg overlykkelig for at ho er sjuk.
Det blei ingen sykkeltur eller sunn kvelds. Det blei ein powerwalk til bussen (latskap), før eg reiste til Kine. Der med brua handla eg sjokolade, herregud for ein svær sjokolade. Nesten halvparten gjekk ned. Vi såg Team Antonsen og lo, før vi kava oss til bussen igjen heim til meg. No dysja vi, kura håret vårt mens ansiktsmaske er next stop. Og ikkje minst Ungkaren. Håper han er kjekk å sjå på.
Ein lat torsdag. Eg har dessuten bestemt meg for å faktisk gjennomføre det flest folk stemme på på bloggen min. Hittil leda latskap og fløyen. What to do?
Forresten, du er faktisk heilt herlig. Og kul.

...

Årets middag stod på menyen i dag, to grovskiver med leverpostei og agurk. Det var faktisk fantastisk godt. No kjeda eg meg. Alle er vekke fortida, eller opptatte med eit eller anna. Mariann vaska leiligheta til Fulen, av alle sjuke ting å ta seg til, GRATIS! Du kan bestille ho, legg igjen ein kommentar så skal eg sende ho ut til deg. Therese jobba og det gjer Kine og. Shari er reist til Bremanger, Marion er i Florø, Christine er på jobb, Michael er på jobb, og Lars - den mongoen, er i Førde :( Eg sakna deg Lars.
Kan ikkje folk fikse seg normale jobba med normale arbeidstider?
Sjølv om alle svikta meg, har ferie eller ikkje, så skal eg gjere mykje fornuftig i dag. Snart skal eg ut på sykkeltur, med min stakkarslige sykkel som står og fryser nede i bakgården. Eg er usikker på kor eg skal sykle, kanskje ein tur bort å nyte synet av Nistad i vaskeaksjon. Etter sykkelturen skal eg mest truleg heim og kure håret, ansiktsmaske meg og lakke neglene på nytt. Sjå tv, for ein gangs skyld, og spise masse youghurt med banan i. Det er namme namm.
Therese skal lage muffins seinare i dag, Markus har nemmelig bursdag. Eg gleda meg til eg skal stjele muffins.
No ropa gangsterhettegenseren, tightsen og sykkelen min på meg. See you babes, or not.

4. mars 2009

Eit kvarter = 60 minutt.

Eg lika ikkje folk som ikkje kan klokka, eller dei som seie "2 minutt" også er det eigentleg snakk om 2 tima. Hallo? Det er beire å sei 2 tima enn å la meg gå forhåpningsfull og glede meg i 2-20 minutt, for etter dei minutta, så blir eg bere skuffa.
Ok. No overdreiv eg. Men du ser poenget mitt.
Kine ligge i sofaen og klaga til ein kvikk lunsj, mens ein eller anna idiotisk Doktor film surra på tv.
På bussen på veg heim frå jobb blei eg skikkeleg redd. Ein eller anna psyko galning hadde forvirra seg innpå bussen, han satt og klappa i henda, snudde seg og såg stygt på andre, lo litt og snakka til alle på bussen på eit eller anna arabisk språk, dog eg er overbevist om at han eigentleg var norsk.
Mulig han eigentleg hadde ein eller anna form for eit syndrom, og mulig han eigentleg er heilt ufarleg, men han skremte meg. I dag har eg forresten ikkje lyst å blogge, så no skal eg spise druer og legge tjokkesokkane med beina inni på bordet.

2. mars 2009

Stygge isbil.

I dag er mandag. For ein herleg dag. Eller? Heilt ærleg var det eit forferdeleg kaos å stå opp i dag tidleg. Vekkerklokka skar i øyra til eg blei sur, og det frista lite å stå opp. Senga var varm og god mens gulvet var kaldt og vondt.
Etter mange vurderingar bestemte eg meg for å ta på meg tjukkesokka før eg nærma meg det kalde gulvet. Å ta på seg tjukkesokka som ikkje ligg i nærheten av senga utan å gå på gulvet er ein kunst i seg sjølv. Det enda sjølvsagt med årets kutt i panna (20 sting), blodige hender og oppskrapa knær. Ikkje til å annbefale.
Eg blir nesten litt flau over meg sjølv.
Middagen i dag bestod av spagetti og pølser. Det var faktisk ikkje godt. No skal eg laste ned ein haug med wannabe kul listepop musikk, brenne cd - fyre den på full guffe, lage middag og vaske huset.
Når huset er reint skal eg bli rein, reine kle skal på og håret skal fønast. Gleda meg som ein liten drittunge til i kveld.
Btw, i sta var eg på butikken for å handle dårlige vaner, på veg oppigjen til huset mitt gjekk det opp for meg (som 20-åring) at isbilen er den teitaste bilen som fins. Den stygge isbil-lyden som eg elska når eg var liten (i fjord) irriterte meg. "Dudududud, dududu, duuu" herregud. Her BUR vi ved sidan av butikken, kva skal ein med isbilen då?
I Svelgen skal du heller få lov å råne og ha ekstrem høg musikk på, men her i Bergen sine trange gater kan du jaggu la være.

Musikkliste til meg sjølv:
(jada jada jada, fjortiss Malin)
Aleksander Stenerud - Find My Girl (Usikker på om eg vil laste ned den her, såg dokke kor furt han var på Grand Prix?)
Alexander Rybak - Fairytale
Tone Damli Aaberge .- Butterflies
Alesha Dixon - The boy does nothing
Beyonce - Halo
Neyo - Mad
James Morrison - Broken Strings
Veronica Maggio - Måndagsbarn
Fio Rida - Right Round
Bruce Springsteen - Working On A Dream
Kelly Clarkson - My Life Would Stuck Without You
Chester French - She Loves Everybody
Robin Thicke - Dreamworld
T.I - Dead And Gone
Beyonce - Diva
Colplay - Violet Hill
The Ting Tings - Shut Up And Let Me Go
Alicia Keys - Tennage Love Affair
Laurent Wolf - No Stress
Sugababes - About You Now

Det høyres ut som eg er årets mest irritable person i dag, men egentlig er eg bere ekstremt glad.

28. feb. 2009

Kine og Malin på Fløyen.

Ein forfriskandes fredagstur opp på Fløyen. Turen starta her: (IKKJE kommenter at det var lyst når turen starta!)