(Endå nokon dagar til, men du skal jo vere klar med både frukost, gåve, middag og kvelds.. eller?)
Mamma har morsdag, og det er DIN jobb å hedre.
Tips til morsdags'presanger (eventuellt bursdagspresanger?):
www.eurofoto.no - Her har dei mange godsaker på plass. T.d. kan du kjøpe deilige belgisk konfekt med eige bilde på framsida. (Kanskje eit bilde av deg og mammaen din? Bere mammaen din? Barnebarna til mammaen din? Eller favoritt motivet til mammaen din? You decide) Verdt å ta turen innom.
www.strawberrynet.com - Her kan du handle inn favorittsminka til mammaen din. Min mamma er like glad i Diorshow som eg, så skulle eg kjøpt mascara til mamma så ville ditta blitt plassen. Varene er sendt frå utlandet, så her er det gunstig å bestille inn i god tid.
Bake mamma's favoritt kake - Her kan eg desverre ikkje hjelpe deg med andre tips enn at det faktisk finst 1-2-3 kaker og bakeri.
Framkalle bilder - Her kan du velge og vrake i mange nettsider for å framkalle bilder. Personleg syns eg www.eurofoto.no gjer ein god jobb. www.postfoto.no har ofte mange lokkande tilbud.
Skriv eit dikt - Du ana ikkje kva mammaen din skal bli strålandes glad for. Skriv eit dikt, print det ut, lim det sammen som ein kolasje, saman med andre små søte ting (bilder, smykker, fine minner)
Lag ein sang - Dikt din eigen sang, bruk kjende melodiar og framfør på sjølve dagen.
Bestill blomster - Er du langt unna mammaen din på morsdagen så er blomster ein flott ting. Bestill ein fin bukett, eventuellt roser?
Handle kler (smykker, sko ect) - Ja, mødre bruker klær dei og. Belive it or not. Kanskje du skulle tatt turen innom H&M, Cubus, Lindex? Finn ei søt skjorte, ein tøff cardigan eller rett og slett sokker og truser?
Surprice "party" - Bur du langt heime frå er det kanskje ein idè å overraske mammaen din med å dukke uventa opp akkurat denne søndagen? No håper eg ikkje mamma trur at eg gjer det, for eg kjem heim helga etterpå, mamma!
Gavekort - "Heime laga" spa? Gje mammaen din eit heimelaga spa, der du kan vere spa-dama/mannen:S, ansiktsmasker, masasje o.l. Eventuellt gje mamamen din eit gavekort på ein ekte spa-salong.
Gratis barnepass - Har du småsøsken, og mammaen din eigentleg har lyst på kino ein søndag? Tilby deg å sitte barnevakt samt betal kinobiletten.
Eg har mange fleire tips på lager, men eg kan ikkje skrive vekk heile bloggen i morsdagsgave tips. Spørr meg om du lurer på fleir :)
Har du nokon lure tips?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

2 Legg igjen ein kommentar::
Jammen godt du minte meg på morsdagen, den e eg allti like flink å glømme;)
Stemte btw på meg sjøl i spørreundersøkelsen din! Hvis eg vinne, får eg lage AKKURAT den headeren eg vil? Det har eg lyst til!
I was looking for Platform and was wondering if Elizabeth and James is the best designer for Platform?
Legg inn en kommentar